Vinteren og våren 2003 vert
industriarbeidarane ved Hydro Aluminium og Fundamus fotograferte ein etter ein.
Arve Ullebø og Geir Birkeland vil lage ei fotoutstilling med
svart-kvitt portrett av alle dei 800 industriarbeidarane i
Høyanger. Målet er å få ei
samling verdfulle bilete som
på sin måte dokumenterer
historia om kvar enkelt
industriarbeidar - ein rase
som er i ferd med å døy ut.
Høyanger-samfunnet har i snart hundre år vore avhengig av aluminiumsindustrien. Dei siste åra har det vore både opp- og nedturar. Men trass i store overskot på hjørnesteinsverksemdene blir det stadig færre industriarbeidarar.
Arve Ullebø og Geir Birkeland har personleg teke initiativet til eit krafttak for å fotografere kvar enkelt arbeidar. På den måten vonar dei også å gje arbeidarane tilbake identiteten sin, i motsetnad til når arbeidarane berre figurerer som tal på bemanningslister.