Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Kunstutstilling Metamorphose

For tredje året på rad vert det arrangert kollektiv kunstutstilling på Sildafabrikken i Skånevik samstundes som Skånevik Bluesfestival går føre seg. Dette har i dei to tidlegare åra vore ein stor suksess med ca. 300 besøkande kvart år.
Skåneviksbuen, menneskjer frå bygda sitt nærområde og festivalbesøkande er svært positive til utstillinga og gjev utstillarane ei stor og inspirerande kraft til å halda fram med den kollektive kunstutstillinga i den nedlagte sardinfabrikken i Skånevik. Den har i ca. 100 år vore hjørnesteinverksemda i bygda, men dørene stengte for sardinproduksjon den 30. april 2001. Ved å bruka fabrikken til utstillingslokale gjev ein ny kraft til dei tomme romma i fabrikken. Lokaler som i seg sjølv har veldig mykje historie og som er ei utfordring for utstillarane.

Vi ser på Skånevik som ein ideell stad å halda utstilling. Her kjem det tilreisande frå heila landet og dei unge kunstnarane, som er i etableringsfasen, får vist fram sitt kunstneristiske virke til eit stort mangfald av mennesker. Den er og med på å marknadsføra bygda og kommunen som ein kreativ stad i kunststudent-miljøet i Noreg og London. Målet er og at nokon av kunstnarane vil venda tilbake til Skånevik og laga noko av arbeidet sitt i bygda og gjerne om bygda.

Dei unge kunstnarane kjem frå tre av verdskontinenta: Asia, Latin Amerika og Europa. Gjennom utstillinga skal dei 13 deltakarane bu i eit privateigd hus i Skånevik sentrum, og her blir det knytta band mellom dei forskjellige kunstnarane og deira kunstnaristiske virke i framtida.

Les meir på www.skaanevik.no
Elisabeth Nilsen Emmerhoff -
Elisabeth Nilsen Emmerhoff
Alistair Wildblood -
Alistair Wildblood

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu